[Top][All Lists]
[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
Re: [ordbanken] Ordbanken og den nye rettskrivinga
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
Re: [ordbanken] Ordbanken og den nye rettskrivinga |
Date: |
Sat, 25 Aug 2012 22:44:40 +0200 |
må. den 06. 08. 2012 klokka 21.58 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Men med den nye reforma forsvinn også klammeformer frå fullforms-
> ordlistene. Eg veit ikkje om eg skal fjerna klammeform-funksjonen frå
> programmet, eller om eg skal la han vera, i tilfelle nokon vil bruka
> programmet med gamle ordlister.
Eg har no fjerna klammeform-funksjonane frå programmet, KDE-plasmoiden
og dokumentasjonen. Det gjorde programkoden *ganske mykje* enklare! Eg
har òg gjort nokre forbetringar i plasmoiden slik at han skal fungera
betre når ein endrar storleiken på vindauget.
Fint om folket kan prøva den nyaste SVN-versjonen og sjå om alt fungerer
som det skal:
https://savannah.nongnu.org/svn/?group=ordbanken
Meld frå om feil og anna enten her til lista, direkte til meg eller på
https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden