[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
Ny versjon av ordbanken (2020-09-10) klar
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
Ny versjon av ordbanken (2020-09-10) klar |
Date: |
Fri, 11 Sep 2020 17:43:03 +0200 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:68.0) Gecko/20100101 Thunderbird/68.12.0 |
Eg har no lagt ut versjon 2020-09-10 av programmet ordbanken. Dokker får
han slik:
Alternativ 1: Last ned frå
https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ordbanken-2020-09-10.tar.xz.
Alternativ 2: Oppdater frå SVN (for dei som brukar det).
Alternativ 3: For openSUSE-brukarar har eg laga denne
pakken/pakkebrønnen: https://software.opensuse.org/package/ordbanken
Alternativ 4: For Gentoo-brukarar har Hans Fredrik Nordhaug laga ein
pakke: https://github.com/hansfn/gentoo-overlay.
Her er det viktigaste nye i denne versjonen:
– Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (versjon 2019-10-10).
Sjølv om ordbankfilene er frå 10. oktober 2019, ser det ut til
at dei først vart offentleggjorde 17. april 2020.
Det var som vanlege nokre tekniske endringar i ordbankfilene,
noko som medførte mindre justeringar i skriptet som pakkar
dei ut. Dette gjer at det ikkje er kompatibelt med tidlegare
versjonar.
– Retta feil som gjorde at nokre moglege programargument som
starta med «-» eller «--» (eks. «-F» og «--regulært-uttrykk»),
ikkje vart føreslegne av autofullføringa.
– Gjort ulike skript som programmet brukar, meir robuste.
Har gått gjennom alle shell- og bash-skripta med verktøyet
ShellCheck og gjort endringar slik at dette ikkje lenger
gjev åtvaringar. (Det var òg slik feilen ovanfor vart oppdaga.)
– Oppdatert adressene til Norsk ordbank. Dei gamle adressene
verka ikkje lenger.
– Forbetra og meir kompakt layout i det grafiske skjermelementet.
Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne,
anten her på e-postlista eller direkte til meg på karl@huftis.org.
Direkte feil melder dokker best inn via feilsporingssystemet
https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken.
--
Karl Ove Hufthammer
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- Ny versjon av ordbanken (2020-09-10) klar,
Karl Ove Hufthammer <=