ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken
Date: Wed, 23 Mar 2022 20:56:18 +0100
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:91.0) Gecko/20100101 Thunderbird/91.7.0

Hei, brukarar av programmet Ordbanken!

Ei ny versjon av Norsk ordbank vart offentleggjord i dag, og eg har derfor oppdatert ordbankfilene (datagrunnlaget for programmet ordbanken) i Subversion-depotet basert på denne. Sjølv om filene først vart publiserte i dag, er dei baserte på eit uttrekk frå 1. februar 2022. Den førre versjonen var frå oktober 2019. Ut frå ei e-postutveksling eg har hatt med Språkbanken (ved Nasjonalbiblioteket) og Språksamlingane (ved UiB), verkar det til å ha vore ei misforståing som har ført til at Språkbanken ikkje har publisert nokon nye ordbankfiler dei siste åra.

Førebels er endringane berre tilgjengelege via Subversion-depotet (svn://svn.savannah.nongnu.org/ordbanken/), men eg vil gje ut ein offisiell versjon om ikkje så lenge.

Det har elles blitt gjort *mykje* med ordbankmaterialet sidan 2019. Sjå heimesida til Revisjonsprosjektet (https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og-nynorskordboka) for meir informasjon. Årsmeldinga deira for 2021 er òg interessant lesnad: https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/arsrapport_for_revisjonsprosjektet_2021.pdf

Det er fleire tidsaktuelle nye ord i dei nye ordbankfilene, som «munnbind», «andedragsvern», «koronavaksine» og «elsparkesykkel» (men òg nokre alderdommelege nye ord, som «møllpose»). Her er ei oversikt over kva lemma (grunnord) som er gåtte ut, komne inn eller fått endra stavemåte i nynorskfilene:

https://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nn.html

Det er berre eitt lemma som er *markert* til å ha fått endra stavemåte, og det er «ablegøyer», som no har grunnforma «ablegøye» (og altså kan brukast i eintalsform). Men det er i praksis fleire. Eg ser for eksempel at «besserwissar» har gått ut og «besserwisser» har komme inn. Det er jo same ord, men med ny stavemåte og ny lemma-ID (talkode som identifiserer lemmaet).

Det er òg mange endringar i bøyinga av orda:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nn.html

Det meste ser ut til å vera fjerning av «falske» adjektivbøyingar, som «himmelfalnaste». (Men eg synest dei har vore litt overivrige og fjerna fleire gyldige adjektivbøyingar.)

Her er tilsvarande oversikter for bokmål:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nb.html
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nb.html

--
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]