[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken |
Date: |
Thu, 21 May 2020 12:07:42 +0200 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:68.0) Gecko/20100101 Thunderbird/68.8.0 |
Hei!
Eg har no oppdatert ordbankfilene (kjeldegrunnlaget for programmet
ordbanken) i Subversion-depotet til siste offisielle versjon. Desse er
frå 10. oktober 2019, men vart så vidt eg kan sjå først offentleggjorde
17. april i år. Dei inneheld endringar frå 23. januar 2019 til 10.
oktober 2019.
Førebels er endringane berre tilgjengelege via Subversion-depotet
(svn://svn.sv.gnu.org/ordbanken), men eg vil gje ut ein offisiell
versjon om ikkje så lenge.
Denne gongen har eg laga ei meir fullstendig og lettlesen oversikt over
kva som endra frå førre versjon av ordbankfilene. Først ei oversikt over
kva lemma (grunnord) som er gåtte ut, komne inn eller fått endra
stavemåte i nynorskfilene:
https://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nn.html
Det er fem ord som har fått endra (retta) stavemåte:
cheerleadar → cheerleader
formidllingsøkonomi → formidlingsøkonomi
fyrstefiolonist → fyrstefiolinist
hyperkativitet → hyperaktivitet
vinarskalle → vinnarskalle
Det er òg nokre få ord som har gått ut, typisk feilstavingar som
«ombord», «tilstades», «etterkvart», «sovidt» og «etg.». Det er mange
ord som har komme inn. Her finn me blant anna fleire (litt) nyare ord,
som «brownie», «cosplay», «hedgefond», «ruccola»/«rukkola», «toastjern»
og «veganisme». Det er òg ein haug med nye innbyggarnamn, som
hokksunding, vevelstadværing, sundsokning og mandalitt. Elles merker eg
meg at dei fleste orda som er komne inn, har a eller b som første
bokstav. Tippar derfor det er eit resultat av det pågåande
Revisjonsprosjektet
(https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og-nynorskordboka),
der ord som berre stod i Bokmålsordboka no òg vert førte inn i
Nynorskordboka (med nynorsk bøying, sjølvsagt!).
Det er òg mange endringar i bøying av orda:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nn.html
Blant anna er ein del «falske» adjektivbøyingar, som «adresselausaste»,
fjerna.
Her er tilsvarande oversikter for bokmål:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nb.html
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nb.html
--
Karl Ove Hufthammer
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken,
Karl Ove Hufthammer <=