[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
Støtte for oppslag på ordbøyingar
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
Støtte for oppslag på ordbøyingar |
Date: |
Mon, 28 Mar 2022 22:30:43 +0200 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:91.0) Gecko/20100101 Thunderbird/91.7.0 |
Hei igjen, brukarar av programmet Ordbanken!
Eg har i går lagt til ein funksjonalitet eg har sakna i mange år. Det er
no mogleg å slå opp direkte på bøyingar av ord, ikkje berre på
lemma/grunnord. Til dette brukar me argumentet «--bøying» (eller
kortforma «-b»). Viss me for eksempel vil sjå alle oppslag der eit ord
har *bøyinga* «spurt», skriv me:
$ ordbanken --bøying spurt
spurt spurt subst mask appell eint ub
===
spurte spurt verb imp
===
spørje spurt adj <perf-part> nøyt ub eint
spørje spurt verb perf-part
Det kan altså vera snakk om anten substantivet «spurt», imperativforma
av «å spurte» eller perfektum partisipp av «å spørje».
Argumentet kan sjølvsagt kombinerast med andre argument. Visste de
forresten at det finst eit nynorskord i ordboka med to etterfølgjande
å-ar? Ordbanken finn det lett:
$ ordbanken -rb åå
småete smååt verb pret
Det nye argumentet er òg støtta i «bash completion»-funksjonaliteten.
Viss me brukar «--bøying»/«-b» på kommandolinja, får me altså berre
forslag til bøyingsord og tilhøyrande bøyingskodar.
Merk at oppslag på bøyingsord ikkje kan gjerast på same måte som for
grunnord, så det går litt tregare. Men likevel rimeleg kjapt (omtrent så
kjapt som når me brukar argumentet «--regulært-uttrykk»/«-r» for oppslag
på grunnord).
For komplettheits skuld finst det òg eit nytt «--lemmma»-/«-l»-argument,
som gjer oppslag på grunnord/lemma. Men sidan dette er
standardfunksjonaliteten, er det eigentleg ingen grunn til å bruka det.
Den nye funksjonen finn de førebels berre i utviklingsversjonen («git
pull» eller «git clone
https://git.savannah.nongnu.org/git/ordbanken.git»). Meld frå om de finn
feil.
--
Karl Ove Hufthammer
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- Støtte for oppslag på ordbøyingar,
Karl Ove Hufthammer <=